kommunevåpen for Våksdal

Våksdal

Behov

Kommunen såg at det ville vera ein konkurransefordel i kampen om arbeidskrafta å styrka heiltidskulturen. Dette vil på sikt betra tenestekvaliteten, gi meir effektiv ressursutnytting, skape gode arbeidsmiljø og arbeidstilhøve og dermed vera med å auka omdømme til kommunen.
Kommunen hadde gjennomsnittleg stillingsprosent på 61% innan helse – og omsorgssektoren. Det låg til grunn ein sterk deltidskultur i kommunen, samstundes som ein såg at mange ynskja opp auke i stillingsprosent.

Mål

Å etablera ein kultur for å arbeida heiltid og prøve ut tiltak som avskaffar deltid, og som innan helse- og omsorgssektoren er med på å auke gjennomsnittleg stilling til 75 %.
Prosjektgruppa ynskja og å redusera talet på antal stillingar under 40 % med 40 %.
Tilsette i hovudregel skal ha vaktlengder som er minst 7t for stillingar med 35,5t/veke og 7,5t for stillingar med 37,5t/veke.

Tiltak

Kartlagde heiltid/deltid i kommunen for å finne om det var eit behov og kvar behovet var størst. Organisert ein informasjonsdag om alternative turnusar, der ein på slutten av dagen kartlagde interessa for alternative turnusar og opp auke i stillingsprosent.
Utarbeida eit spørjeskjema for kartlegging av heiltid som er implementert som del av den årlege medarbeidarsamtalen. Slik at ein kontinuerleg fortsette kartlegginga og arbeide mot målet.

Resultat

Det er innført langturnus i bueining for funksjonshemma, medan medleverturnus og årsturnus er kome i oppstartsfasen.
Det er totalt 164 tilsette i helse og omsorgssektoren og her er gjennomsnittleg stillingsprosent gått frå 61 % til 65 % under prosjektperioden og antal heiltidsstillingar har gått frå 43stk til 48stk.

Forankring

• Prosjektgruppa har hatt representantar frå tillitsvalde, politikarar og kommuneadministrasjonen og prosjektet har blitt snakka opent om på alle nivå.
• Prosjektet har jamleg vore oppe til Arbeidsmiljøutvalet (AMU).
• Prosjektgruppa ser informasjonsdagen som ei viktig del for å forankre prosjektet hjå dei tilsette. Både for å presentera prosjektet og for å få tilbakemeldingar på tiltaka som blir sett i verk.