kommunevåpen for Vågå

Vågå

Bakgrunn

Vågå kommune søkte om opptak i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt utviklingsprogram «Saman om ein betre kommune» for oppstart i 2013. Prosjektet ble gjennomført som eit lokalt partssamarbeid der folkevalde, administrativ leiing og tillitsvalde/medarbeidarar er med.
Søknaden bygde på fire tema; ufrivillig deltid, sjukefråvær, verdig eldreomsorg og velferdsteknologi. Kommunen valde å ta verdig eldreomsorg og velferdsteknologi ut av programmet da satsing/utvikling vil skje på andre måte.
Ufrivillig deltid
Vågå kommune har i mange år arbeidd målretta for å redusere ufrivillig deltid og kommunestyret vedtok retningsliner allereie i september 2008. Den gongen var gjennomsnittleg stillingsprosent i pleie og omsorg på 67%. Året før hadde kommunen nedfelt i sitt økonomiplanvedtak at det ikkje skulle opprettast etter lysast ut stilling i pleie og omsorg under 50%.
Sjukefråvær
Kommunen har fokus på auka nærvær, så vel gjennom det førebyggjande arbeidet som oppfølging av sjukemelde. I helse og omsorg og barnehage er sjukefråværet relativt høgt. Det er innarbeidd gode rutinar for tilrettelegging og oppfølging samt kontinuerleg førebygging gjennom metoden Langtidsfrisk. Nærværsarbeidet var ikkje ein aktiv del av prosjektet før 2014.

Mål

Prosjektgruppa endra fokus frå ufrivillig deltid over til utvikling av ein heiltidskultur og reviderte retningslinene som vart vedteke av kommunestyre i 2014.
Gjennomsnittleg stillingsprosent i helse- og omsorgstenestene skal vere minst 80 prosent innan 2018.
Kommunen hadde eit totalt fråvær på 7,2% i 2014. Målet for 2015 er 5,8%.

Tiltak

Halde fram med nærværsarbeid gjennom samarbeid med partane i arbeidslivet der det å skape eit godt arbeidsmiljø er ein viktig faktor.
Mykje av sjukefråværet er knytt til psykiske helse og rus. Vågå kommune vil styrke kompetanse på leiarnivå innan tema, samt gje rettleiing og verktøy i samtalar med tilsette. Tilbod om coaching av leiarar i gruppe eller individuelt i etterkant av opplæring.

Resultat

Det er enno att eit betydeleg arbeid ute på tenestene før målsettinga er nådd. Det blir mellom anna prøvd ut nye turnusar samt interne utlysingar før eksterne.
Vågå kommune vurderer å tilby samtalepartnar for tilsette som treng hjelp til å oppleve meistring i arbeid og livet elles. Dette kan skje i gruppe eller individuelt.

Forankring

Prosjektgruppa forankrar arbeidet ved å orientere kommunestyre, tenesteleiarane og administrasjonsutvalet undervegs.

RELEVANTE LENKER