kommunevåpen for Surnadal

Surnadal

Behov

Vi søkte om å få delta i Saman om ein betre kommune for å få hjelp i arbeidet med heiltidskultur og fleire undertema. Ikkje minst søkte vi deltaking i programmet for å lære og dele erfaringar med andre kommunar i eit nettverk støtta opp av solide kompetansemiljø.

I likheit med mange andre kommunar såg vi rekrutteringsutfordringar i pleie- og omsorgssektoren fram i tid. Vi hadde difor eit forsterka behov for å utnytte arbeidskraftreserven hos tilsette med uønska deltid. Å redusera uønska deltid var viktig i starten av prosjektet med den hensikt å oppnå betre tenestekvalitet og effektivisere drifta. Etter kvart har vi retta fokuset frå uønska deltid over til ei kulturendring i retning heiltidskultur. Heiltidskultur er vinn-vinn-vinn for brukarar, tilsette og arbeidsgjevar. Prosjektet er viktig for å skape forståing og auka bevisstheit om dei ulike gevinstane ved heiltidskultur og korleis alt heng saman.

Mål

Surnadal kommune har ei talfesta målsetting om heiltidskultur i form av gjennomsnittleg stillingsprosent og fjerning av uønska deltid i piloteiningane. Gjennom prosjektet ønska vi å få utarbeidd ei portefølgje av tiltak som byggjer opp under sentrale målsettingar, og som vert del av den ordinære drifta.

Tiltak

• Årlege felles kartleggingar på tvers av einingar etter krav til fast stilling i form av ein generell søknad til arbeidsgjevar som gjeld heile året
• Bruk av vikarpool kombinert med fast turnus.
• Auka fokus på utlysing av 100% stillingar.
• Fokus på medskaping og tilsette som ressurs i utviklingsarbeid.
• Forsterka utviklingsarbeid i tilsettegrupper som allereie var i gang med kvalitetsutvikling og arbeidsmiljø.
• Fagdag i piloteiningane og fagdag om heiltidskultur og Arbeidsmiljøloven som styringsverktøy for alle tilsette.
• Formidlingsarbeid på husmøter, personalmøter og «framsnakking» på ulike konferansar og i media.

Resultat

• Ein samstemt definisjon av uønska deltid.
• Etablert eige verdidokument og visjon for drifta ved institusjonane.
• Ei vesentleg auke i stillingsprosent hos arbeidstakarar i prosjektet.
• Utlyste stillingar er på minimum 50% med ei hovudvekt på 80-100%.
• Auka forståing av kva heiltidskultur inneber for alle partar i organisasjonen.

Forankring

Tilsette: prosjektet har fleire arbeidsgrupper i tillegg til prosjektgruppe, kor også ordføraren er medlem. Dei tilsette har bidrege med innspel og forslag til tiltak på fleire temaområde under paraplyen heiltidskultur.

Overordna nivå: folkevald – kommunestyre (prosjekteigar) med god drahjelp frå ordførar. Kommunestyret har fått fleire orienteringar om utviklinga i prosjektet. Administrasjonsutvalet er styringsgruppe utvida med rådmann og personalsjef. Arbeidsmiljøutvalet har vore jamleg orientert. Vi har orientert om prosjektet på fleire verneombodssamlingar.

Reportasje fra prosjektet