Stordal

Behov

For å kunne takle utfordringane i framtida, har Stordal kommune ikkje berre behov for folk som ønskjer å bosette seg men særleg for kompetente menneske som kan tenkje seg å jobbe i kommunen. Vi valte å jobbe med internt omdømme og kva som skal til for å bli sett på som den beste arbeidsstaden. God internkommunikasjon og informasjonsflyt har også vore ei konkret utfordring for Stordal kommune. If you take care of the inside, the inside will take care of the outside.

Mål

Stordal kommune sitt slagord er: der folk trivst. Folk skal føle seg heime hos ‘øss’ slik som vi kallar det i vår del av verda, den meir enn trivelege plassen midt i det storslegne fjordlandskapet. Vårt mål er å skape ein arbeidsplass der folk ikkje berre trivst, men der alle er med. For å oppnå måla, har vil valt å fokusere på internkommunikasjon.
Internkommunikasjon er avgjerande for å få ein organisasjon til å fungere. I medarbeidarundersøkingar som ble gjennomført i 2012 og 2013 kom det fram at vi allereie har mykje å vere stolte av, men at vi bør bli enda flinkare dersom vi ønskjer å forbetre vårt omdømme som arbeidsgjevar. Internkommunikasjon skal vere ‘limet’ i vår organisasjon for å skape både tilhøyrigheit og ein ‘vi-følelse’ blant dei tilsette.

Tiltak

Utarbeidet ein strategi- og handlingsplan for internkommunikasjon. Strategien skal bli vår verktøykasse i åra framover. På bakgrunn av planen har vi gjort følgjande:
• Utarbeiding av ein skreddersydd arbeidsplan for internkommunikasjon for alle eininga. Arbeidsplanen er basert på konklusjonane og utfordringane som kom fram frå arbeidsmiljøundersøkingane. Leiarar og tilsette skal jobbe i lag med oppgåvane som høyrer til.
• Etablering av nye og oppgradering av møteplasser:
– leiarforum
– dialogforum – forum for tillitsvalte og verneombod for å involvere tilsette så mykje som mogleg i kva som skjer i organisasjonen.
– personalmøter i einingane.

Omdømmedagen – Alle tilsette var med på ein felles temasamling kor alle jobba i grupper med spørsmål i høve omdømme og internkommunkasjon; kva slags utfordringar har vi, korleis kan vi bli betre.

Resultat

– Fokus på internkommunikasjon er blitt større.
– Møtefora (leiarforum, avdelingsmøte) blei tilpassa utfordringane og oppgåvene vi har. Internkommunikasjon blei forankra i vårt HMS-arbeid, og finnast att i prosedyrar, rutinar og i vårt nye kvalitetssystem.
– Dei ulike arenaer for informasjonsutveksling har resultert i betre informasjonsflytt og større grad av involvering.
– Ei medarbeidarundersøking (fokus på arbeidsmiljø) som blei gjennomført i ei av avdelingane viser framgang på internkommunikasjon.
For å finne ut kor langt vi har kome, skal vi gjennomføre ny arbeidsmiljøundersøking for alle einingar, vår 2016. I mellomtida skal internkommunikasjon være ein fast del av kvardagen vår.

Forankring

I vår prosjektgruppe er både tilsette og folkevalte representert. Rådmannen oppdaterer både formannskap og kommunestyret. Som ein del av folkevalt opplæringa skal det nye kommunestyret få informasjon om prosjektet. På kvar møte for tillitstvalte og verneombod (dialogforum) skal internkommunikasjon vere eit fast punkt på agendaen.
Kommunestyret skal vedta internkommunikasjonsstrategien hausten 2015.
På avdelingane har leiarane ansvar for å formidle den gode bodskapen.

Omdømmedagen for alle tilsette var vellykka, både i i høve innhald, deltakelse og felles gruppearbeid. Innspel frå gruppene på spørsmåla korleis vi kan få ein betre omdømme som arbeidsgjevar, var lovande: Alle ønskjer å bidra til å skape ein arbeidsplass der folk ikkje berre trivst, men der alle er med.

RELEVANTE LENKER