kommunevåpen for Stord

Stord

Behov

Stord kommune har delteke i Kvalitetskommuneprogrammet. Her vart det gjennomført prosjekt innanfor pleie og omsorgseiningane i kommunen der ei av hovudmålsetnadane var å redusere sjukefråveret og leggje til rette for gravide i arbeid. I løpet av prosjektet vart det nedgang i sjukefråværet. Stord kommune hadde i 2012 eit sjukefråvær på 8,9 og sjølv om Stord ikkje er blant kommunar med høgast fråvær, ser me det som svært viktig å bli enda betre. Me ønskjer å setja fokus på nærvær i staden for fråvær og setja det i samanheng med godt omdøme og rekruttering .

Mål

Målet er å skapa best mogelege tenester til innbyggjarane for å stå rusta til å møta framtida sine utfordringar med bærekraftige kommunale tenester.
Stord kommune sine tilsette har eit nærvær på 92.5% i 2013 og ut økonomiplanperioden. Med fokus på helsefremjande og meiningsfyllt arbeidssituasjon for tilsette, ønskjer me å sikre gode tenester for innbyggjarane.

Tiltak

•Tiltak for helsefremjande arbeidsplassar
•Kartlegging og analyse av sjukefråvær
•Revisjon av overordna HMT system/implementering
•Gjennomgang av rutinar for oppfølging og tilrettelegging av sjukemeldte/implementering
•Styrking av leiarfunksjonen
•Samarbeid med bedriftshelsetenesta/Nav/arbeidslivssenteret og andre
•Tiltak for omdømebygging
•Tiltak for rekruttering

Forankring

Prosjektet blei vedteke igangsett av Driftsstyre. Prosjektet starta opp i 2013 og går fram til og med 2015. Det er utarbeida ein hovedprosjektplan som definerer overordna målsettingar, organisering av prosjektet og tiltak.

RELEVANTE LENKER