kommunevåpen for Sogndal

Sogndal

Behov

Vi mangla ein heilheitleg strategi for omdømebygging og kopling til rekruttering. Vi ønska å utvikle dette. Vi har tilsette politikarar og andre som bidreg til å styrke omdøme til kommunen – representantar for dei same gruppene som «snakkar» kommunen ned. Korleis få betre fram dei gode forteljingane?

Vi manglar kompetanseplan; kartlegge, evaluere og lage ny kompetanseplan.

Prosjektet er viktig for å kunne tilby og yte gode teneste til innbyggarane. Trivsel og godt samarbeid, som gjer oss til gode omdømeberarar.

Mål

Kartlegge alle kommunale område der vi har rekrutteringsutfordringar, vurdere «omdømmestatus» til dei ulike områda og tiltak som kan styrkje rekruttering og behalde tilsette på kort og lang sikt. Særleg søkjelys på ungdom, innvandrarar og rekruttering til helse- og omsorgssektoren.

Partssamarbeidet: kartlegge og lage rutinar for samarbeidet.

Medarbeidarundersøkinga: rutinar for gjennomføring og oppfølgjing.

Tiltak

Kompetanse/rekruttering:
Kartlagt område for rekrutteringsutfordringar. Auka tal lærlingar i helse- og omsorgssektoren, barnehagar og IKT.
Eigen rekruttering av helsefagarbeidarar – praksisplassar. Samarbeidsavtalar og fast kontaktperson mot høgskule og vidaregåande skular.
Temadag om kompetanse, fra planlegging til mobilisering og verdiskaping. Alle tillitsvalde, verneombod, leiarar med personalansvar og formannskap deltok.
Gruppearbeid – Korleis tek einingane dette vidare. Forpliktande innlevering av gruppearbeidet som skal bygge på vidare arbeid i avdeling/eining.
Kartlagt tilsette sin kompetanse, overordna kompetanseplan under arbeid.
Etablert nettverk for tilsette i personalavdelinga
• Arrangere kurs og opplæring på tvers av kommunane i Sogn Regionråd
• Erfaringsutveksling
• Personalutveksling
• Frå hausten 2015 – Nettverk for avdelingsleiarar innan pleie, helse og omsorg. Temadagar i samarbeid med NAV arbeidslivssenter.
• 2014: Kurs «Vold og truslar på arbeidsplassen»

Partssamarbeid:
Kartlagt situasjonen og fått opp rutinar.
Temadag om Hovedavtalen, samarbeid og kommunikasjon.
Gruppearbeid (einingsvis): Årshjul for partssamarbeid, einingsvis og overordna nivå.

Omdømme:
Tilsettedag: Tilsette sin rolle som omdømeberar
Samarbeid med lokale aktørar, i 2015 var det kokk- og servitørlinja på Sogndal vidaregåande skule. Underhaldning av elevar ved Musikkskulen og Kvåle ungdomsskule.

Resultat

– Auke tal lærlingar frå 4-8 nye pr år, nye rutinar for lærlingane og fagansvarleg.
– Åtte nye fagarbeidarar frå eigne rekker – fem nye frå i haust.
– Kontaktpersonar inn mot høgskule og vidaregåande skule.
– Oppretta nettverk for avdelingsleiarar i helse og omsorg.
– Rutinar for gjennomføring og oppfølging av medarbeidarundersøking.
– Årshjul for partssamarbeid, både lokalt i eining og sentralt.
– «Oppspøting» av internavisa «Saman om».
– Ny heimeside under arbeid.
– Kompetanseplan for Sogndal kommune.

Forankring

Formannskapet er prosjekteigar og vert halde orientert om framdrifta gjennom orientering frå prosjektleiar i møter og rapportar. Rådmannen er prosjektansvarleg. Ordførar er medlem i prosjektgruppa. Tema på alle leiarmøter.

RELEVANTE LENKER