kommunevåpen for Rennesøy

Rennesøy

Behov

Nabokommunane Finnøy og Rennesøy har over tid utvikla eit tett samarbeid innanfor fleire fag- og tenesteområde. Det var derfor naturleg å opprette eit felles prosjekt. Ved oppstart av prosjektet var status at:
• Kommunane er kome kort når det gjeld systematisk kartlegging av kompetansebehov og tilgjengeleg kompetanse.
• Datagrunnlag og dokumentasjon til hjelp i kompetansekartlegging/-planlegging og rekrutteringsarbeid er relativt tilfeldig. Det finst ikkje elektronisk verktøy i bruk for slik kartlegging.
• Kommunane har ikkje eit system/plan for strategisk og heilskapleg kompetanseplanlegging og –styring.
• Kommunane har behov for å styrkje basiskompetansen på leiarnivå – med fokus på leiing/læring generelt og økonomi- og personalleiing spesielt.

Mål

• Etablere eit system for betre heilskapleg kompetansestyring
• Utarbeide strategisk kompetanseplan og bruke denne systematisk – som strategisk
verkemiddel i leiing, styring og oppfølging.
• Samarbeide om kompetanseutviklings- og rekrutteringstiltak, herunder utnytte felles ressursar på område med behov for fagleg spisskompetanse.
• Utvikle leiarkompetanse, herunder tilføre auka kunnskap om, kjennskap til og forståing for systematisk kompetansestyring.

Tiltak

• Starta opp behovs- og kompetansekartlegging i begge kommunar (pågåande). I forkant av dette gjorde me pilotarbeid på innføring av felles elektronisk kompetansekartleggingsverktøy, herunder naudsynt opplæring.
• Saman om betre leiing, eit basis leiarutviklingsprogram for alle leiarar i Finnøy – om refleksiv leiing og læring (m.a. ut frå erfaringar frå gjennomført opplæring i Rennesøy) er gjennomført.
• Alle einingsleiarar i Rennesøy har gjennomført kompetansegivande vidareutdanning i økonomileiing. Prosjektet vart gjennomført i samarbeid med Fagforbundet og Høgskulen i Hedmark.
• Alle einingsleiarar og HTVar i begge kommunar, har gjennomført felles kompetansegivande vidareutdanning i personalleiing. Prosjektet vart gjennomført i samarbeid med Høgskulen Stord/Haugesund.
• Visjons- og verdiprosessen i Rennesøy er fullført.

Resultat

• Gjennomført studium i personalleiing for einingsleiarar i begge kommunar.
• Gjennomført studium i økonomileiing for einingsleiarar i Rennesøy kommune.
• Kraftig reduksjon i ufrivillig deltid i helsesektoren i Finnøy kommune.
• Ferdigstilt visjons- og verdiprosess i Rennesøy kommune.

Forankring

• Varaordførar i Rennesøy og FSK-medlem i Finnøy har vore del av styringsgruppa.
• Dei tilsette sine organisasjonar er representert i både styringsgruppe og prosjektgruppe.
• Tilsette er blitt informert om arbeidet via nyhendebrev.
• Tilsette på einingane som gjennomfører kompetansekartlegginga får eigne informasjonsmøte i forkant av kartlegginga.

Reportasje fra prosjektet