kommunevåpen for Ørsta

Ørsta

Behov

Kommunen vart omorganisert frå 2012 og me fekk skifte i leiinga. Kommunen var prega av dårleg økonomi, hadde høgt sjukefråvær og hadde bak seg nokre leie saker som påverka kommunen sitt omdømme.

Ørsta kommune tok til på leiarutviklingsprosessen, Helsefremjande leiarskap, hausten 2012. Som grunnlag for denne prosessen vart det gjennomført ein omfattande verdiprosess og Arbeidsgjevarstrategi for Ørsta kommune vart utarbeidd. Deltaking i Saman om ein betre kommune har vore svært viktig for arbeidet med kommunen sine utviklingsprosjekt, har gjort det mogleg å halde i den raude tråden, sikre samanheng og forankring, og oppnå gevinstrealisering.

Mål

– Leiarar som går først og viser veg, kontinuerleg forbetring.
– Medarbeidarar som ynskjer å ta aktivt del i utvikling av ein helsefremjande arbeidsplass.
– Å verte ein attraktiv arbeidsgjevar som rekrutterer medarbeidarar med kompetanse og erfaring.
– Auka nærvær og produktivitet.
– Ein tydeleg og tilgjengeleg organisasjon som skaper tillit overfor brukarane.
– Frå forhandlingskultur til samskapingskultur gjennom forpliktande samarbeid.

Tiltak

– Halde fram leiarutviklingsprosessen med opptil to leiarsamlingar kvart år.
– Etablert og forankra trepartsgruppa Kveik.
– Utvikla gode verktøy og system på personalområdet, IA- arbeid og HMT.
– Gjennomført årleg arbeidsmiljøundersøking med krav til oppfølging.
– Utarbeidd strategisk plan for kompetanse og rekruttering (se veldegg).
– Utarbeidd Kommunikasjons- og mediastrategi (se vedlegg).
– Utvikla visuell profil og utarbeidd profilhandbok.

Resultat

– Vesentleg betring i resultat i arbeidsmiljøundersøkinga på punkta som gjeld leiing, deltaking og engasjement i organisasjonen.
– Fleire medarbeidarar som er stolte og som framsnakkar arbeidsstaden sin.
– Tillitsvalde, leiarar og folkevalde som opplever eit klima for samskaping.
– Positiv utvikling i det legemelde sjukefråværet.
– Møre og Romsdal sin arbeidsmiljøpris for 2015 gjekk til Hjørundfjordheimen alders- og sjukeheim.
– Alle lærlingane i helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget fekk resultatet Bestått meget godt på fagprøven våren 2015, og dei som ynskjer det blant dei nye fagarbeidarane vert rekrutterte til stillingar i Ørsta kommune.

Forankring

Folkevalde gjennom trepartsgruppa Kveik og tema og saker for kommunestyret. Leiarar og administrasjon gjennom leiarforum, arbeidsgrupper og leiarsamlingar. Tillitsvalde gjennom trepartsgruppa Kveik og oppretting av lokale partsgrupper på einingsnivået; Gneistgrupper (einingsleiar, tillitsvald og verneombod). Alle dei tilsette gjennom prosessar på arbeidsplassane og gjennom personalseminar.

Reportasje fra prosjektet