kommunevåpen for Meland

Meland

Behov

Meland kommune har behov for å utvikle ein felles identitet, og ønskjer å utvikle omdømmet både som organisasjon og som arbeidsgjevar. Omdømmeperspektivet er forankra og har link til kommunen sitt utviklingsarbeid på fleire område, t.d. vil det vere eit viktig perspektiv i Samfunnsdelen i kommuneplanarbeidet.
Prosjektet kalles ”Omdømmebygging i ein vekstkommune”. Prosjektet er delt inn i to delprosjekt: «Samarbeid om etisk kompetanseheving» og «Ny strategisk arbeidsgjevarplattform». Det kan bli oppretta fleire delprosjekt undervegs etter behov og analyse av ståstad og fastsette satsingsområde.

Mål

Styrka kommunen sin identitet gjennom systematisk og langsiktig arbeid med omdømmebygging.

Delmål:
• God bygging av organisasjonsidentitet og lokalsamfunnsidentitet.
• God dokumentasjon og kommunikasjon av oppnådde resultat. God informasjon til brukarar, innbyggjarar og media. God mediehandtering.
• God dokumentasjon og kommunikasjon av arbeidsgjevarkvalitetar.
• Auka kunnskap og bevisstgjering om omdømmebygging internt.

Tiltak

• Tenestefokus må leggjast til grunn.
• Framhald og vidareutvikling av trepartssamarbeidet som arbeidsform.
• Etikk og etisk kompetanseheving (for heile organisasjonen).
• Bevisstgjering kring kommunen sin visjon – definere verdiar inn under visjonen.
• Omdømmedag – Stor felles temasamling for folkevalde, leiarar og tillitsvalde.
• Bevisstgjering av rolla som ambassadør.
• Kommunikasjon – intern og ekstern, mot media, mot innbyggjarar, mot ungdom.
• Informasjonsplan.
• Marknadsføring og grafisk profilering av kommunen.
• Kople til arbeidet med samfunnsdelen i kommuneplanen.

Reportasje fra prosjektet