kommunevåpen for Luster

Luster

Behov

Kommunen har over tid arbeidd systematisk med utvikling av nytt kvalitetssystem og har no kome langt i høve kvalitetssikring, kvalitetsstyring og kvalitetsutvikling av kommunale tenester. Deltaking i dette prosjektet er eit naturleg steg vidare, fordi rekruttering og kompetanseutvikling er avgjerande for kvaliteten på kommunale tenester.

Kommunen ser ei utfordring i at tal søkjarar til utlyste stillingar har gått noko ned dei siste åra. Samstundes får kommunen framleis kvalifiserte søkjarar til utlyste stillingar. Vidare ser ein av statistikken at mange av kommunen sine tilsette er fødde frå 1950 og utover, det vil seia at Luster kommune om få år vil ha relativt mange som vil vere 62 år. Prosjektet blei avslutta i 2014.

Mål

• Bidra til god rekruttering og kompetente tilsette, som igjen er svært viktig for organisasjonen og for kvaliteten på dei kommunale tenestene.
• Bidra til etablering av nye system, ny plan og nye tiltak som vil forbetre arbeidet med rekruttering og kompetanseutvikling – på kort og lang sikt.
• Bidra til etablering av nytt introduksjonsprogram som vil forbetre mottaket av nytilsette og sikre god oppstart i nytt arbeid

Tiltak

• Utarbeide plan for rekruttering og kompetanseutvikling med sikte på vedtak i kommunestyret seinast februar 2013.
• Utvikle/innføre eige introduksjonsprogram for nytilsette (start mars 2013 med ferdigstilling oktober 2013)
• Utvikle/innføre kompetanseportal med opplegg for e-læring (start september 2013 med ferdigstilling juni 2014).

RELEVANTE LENKER