kommunevåpen for Lom

Lom

Behov

Å sette kompetansestyring på dagsorden. Strategisk kompetansestyring er eit middel i vår arbeidsgjevarstrategi for å oppnå målet om kommunen som ein god arbeidsgjevar.

Vi ser på dette som viktig både motivasjonsmessig og for å vera ein interessant arbeidsgjevar framover. Dette for å sikre levering av gode tenester i ei framtid med større konkurranse om arbeidskrafta.

Mål

Resultatmål:
o Utvikle ein strategisk kompetanseplan som sikrar gode tenester i framtida
o Utvikle ein dynamisk systematikk knytt til HR – prosessane for utvikling og kompetansestyring
o Synleggjering av kommunen som arbeidsgjevar.

Effektmål:
o Sikre levering av tenester med god kvalitet
o Sikre samsvar mellom krav og mål på tenestene og den enkelte si kompetanse :
– Bidrag til god trivsel.
– Oppleving av mestring.
– Bidrag til nærvær.

o Å bli ein attraktiv arbeidsgjevar gjennom god kompetansestyring retta mot innbyggarane sine behov:
– Medarbeidarutvikling.
– Kontinuerlig utvikling av tenestekvalitet.
– Synleggjera den tilsette sitt arbeid og Lom kommune som arbeidsgjevar
– Synleggjera og gjera seg nytte av kompetansa vi sit inne med til kvarandre internt i organisasjonen

Tiltak

1. Temadag – oppstart med høgskolen i Lillehammer og representanter frå departementet og sentral tilsette i prosjektet.
2. Arbeid med arbeidsgjevarstrategi, som grunnlag for vidare arbeid
3. Prosessdag med Høgskulen i Hedemark
4. Utarbeidd strategisk kompetanseplan – generell del (politikk)
5. Prosessdag i Støttefunksjonen med KS – konsulent AS (Lærande organisasjon)
6. Utarbeidd verkty og modell for strategisk kompetansestyring (for tenesteområda)
7. Utarbeidd introduksjonsprogram for nytilsette
8. Gjennomført strategisk kompetansestyring med nytt verkty
9. Starta annonsering ved ledige stillingar med bruk av video på Facebook.
10. Nyttar video på vår heimeside – ledige stillingar – om det å arbeide i Lom kommune
11. Er i ferd med å starte videoopptak av tilsette i arbeid, for å profilere kommunen som arbeidsgjevar
12. Temadag i november 2015 – arbeidsstasjonar – for å syne måte å organisere internopplæring på – kompetanseoverføring
13. Utprøving av informasjonstavler blant tilsette, der det er turnus og vanskeleg å tilsette med informasjon og kompetansetema.
14. Skal ha prosess over to dagar i desember 2015 med rekruttering, der hovedvekt blir på analyse før utlysing, samt utvelging med vekt på intervjuprosessen.

Resultat

1. Arbeidsgjevarstrategi
2. Fokus på kompetansestyring – særleg blant leiargruppe og hovudtillitsvalde
3. Strategisk kompetansestyring – generell del/plan/politikk
4. Verkty for planlegging
5. Årleg planlegging med nytt planleggingsverkty
6. Introduksjonsprogram for nytilsette
7. Arbeider med å få inn erfaringsutveksling/kompetanseoverføring i Støttefunksjonen. Har gjennomført omorganisering i 2015. Kompetanseoverføring skal bli ein naturleg del av det daglege arbeidet, systematisert gjennom arbeidsmøter.
8. Gode resultat frå bruk av video i annonsering av ledige stillingar på Facebook:
– 10.100 visningar – 25 og 17 godt kvalifiserte søkjarar på to stillingar

– Vi har bra med søkjarar på dei fleste ledige stillingar. Dette har nok fleire årsaker, men vårt inntrykk er at det er eit positivt inntrykk av kommunen. Etter at vi begynte med å bruke video i annonsering, kan det verke som at vi har fått større merksemd rundt våre ledige stillingar.

10. Spørjeundersøking syner at heimesida, Facebook og NAV er det viktigaste media for stillingsannonsar, og at ein med bruk av Facebook når langt ut.
9. Gode resultat med testing av informasjonstavler bl.a. blant tilsette i turnus. Når betre ut med informasjon enn med bruk av intranettet på tradisjonell måte.

Forankring

1. Temadag ved oppstart
2. Orientering i administrasjonsutval
3. Ordfører/varaordførar har vore med på prosjektsamlingar
4. To tillitsvalde er fast med i prosjektgruppa
5. Orientering på dialogmøter der administrasjonssjefen, rådgjevar personal og leir Støttefunksjonen møter hovedtillitsvalde og andre tillitsvalde. Møter ein gong kvar månad. Prosjektet har ikkje vore tema på alle møta, men på svært mange.
6. Leiarane; prosjektet er tema på møte i leiargruppa