kommunevåpen for Jondal

Jondal

Behov

I utgangspunkt ønskja ein å få auka nærværet i kommunen, gjennom å sette menneskje i fokus. Tanken er at trygge menneskjer vil vera meir rause mot seg sjølv og andre, som igjen opna opp for meir takhøgd, samarbeid og samhald.

Mål

Få auka nærværet på arbeidsplassen.

Tiltak

• Relasjonsleiingskurs i regi av Jan Spurkeland.
• Laga ein felles verdiplattform – LARS, kor bokstavane står for Lojalitet, Ansvar, Respekt og Samhandling.
• Oppretting av coaching-grupper for tilsette, utan innblanding frå arbeidsgjevar.
• Gjennomføring av aktivitetsdagar med ulike tema.
• Forelesing/kurs for medarbeidarar og leiarar (enkelte også open for politikarane).
• Gjennomføring av medarbeidarskapskurs i regi av KS
• Fokus på sjukefråværstall i leiarmøter
• Tettare oppfølging av langtidssjukemelde

Resultat

Det har blitt ein meir bevisstgjering av medarbeidarane og deira betyding for organisasjonen og behovet for samhandling på tvers av einingar. Dette er likevel faktorar som ikkje er enkle å måle. Generelt auka kunnskap om organisasjonen på eit overordna plan.
Sjukefråværet har jevnt over gått ned i prosjektperioden (2011 – 8,5%, 2012 – 9%, 2013 – 7,4%, 2014 – 7,9%). Utsiktene for 2015 er at sjukefråværet går litt opp igjen. Det er likevel vanskeleg å konkludere med at prosjektet aleine er årsak til redusert sjukefråvær. Vi er ein liten organisasjon og det er ikkje mye som skal til for å få store utslag i statestikkar.
Vi trur likevel at vi med stor sikkerheit kan konkludere med at bevisstgjering av temaet har hatt positiv effekt på nærværet.

Forankring

Trepartssamarbeid i styringsgruppa for «Saman for ein betre kommune» (SBK) har vore den viktigaste faktoren i forhold til forankringa i heile organisasjonen. Styringsgruppa har bestått av 2 politikarar, 2 tillitsvalde og 2 leiarar frå arbeidsgjevarsida. Alle partar har fått ansvar for at deira eiga gruppe som dei representerer, har fått informasjon og gitt informasjon i til styringsgruppa. Det har vore viktig at både ordførar og rådmann har med i gruppa. Det har gitt tyngde og legitimitet i organisasjonen.
Det har også vore viktig å involvere medarbeidarane sjølve, i arbeidet, planlegging og gjennomføring av delprosjekt, der dette har vore mogleg. Dei har fått meir eigarskap til prosjektet, i staden for å berre vera passiv mottakar av kunnskap/impulsar.