kommunevåpen for Høyanger

Høyanger

Behov

Etter kvalitetskommuneprogrammet vidareførte kommunen sjukefråværsarbeidet i eit eige prosjekt med namnet «Reduksjon i sjukefråvær i Høyanger kommune». Kommunen såg det føremålstenleg å vidareføre dette prosjektet gjennom deltaking i «Saman om ein betre kommune». Det forut gåande prosjektet hadde utvikla ein modell som kommunen ønskte å vidareutvikle og sette i drift: «Eit fullverdig styringssystem som skal være reiskap for heile organisasjonen, med det formål å være ein helsefremjande, førebyggande og tilretteleggande organisasjon.»

Vårt prosjekt er delt i to ulike tema; sjukefråvær og heiltid/deltid. Vi ser at desse tema kan ha ein samanheng.
Kommunen hadde over tid hatt eit stabilt fråvær på kring 10 prosent i åra forut, og trass mykje godt arbeid i einingane, gav det ikkje monaleg resultat. Forslag om å sjå på sjukefråværsarbeidet med nye auge, samt organisere det i eit prosjekt, vart ein realitet. I førekant av «Saman om» hadde Høyanger kommune eit prosjekt med namn «Reduksjon sjukefråvær i Høyanger kommune» der det var tilsette ein prosjektleiar med eit engasjement. Grunnlaget som vart lagt i dette arbeidet, vart vidareført i prosjektet «Saman om ein betre kommune».

Mål

• Stabilt sjukefråvær på under seks prosent på kommunenivå.
• Redusere talet tilsette som arbeider uønskt deltid. Gjennomsnittleg storleik på deltidsstillingar skal vere på minimum 70 prosent.

Tiltak

• Utvikle og vedlikehalde system som stettar lovkrav og sikrar gode prosessar og einskapleg oppfølging.
• Kontinuerleg kartlegging av organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø.
• Leiaropplæring som skal auke kompetanse innan systematisk HMS-arbeid og oppfølging av sjukemeldte.
• Operasjonalisere utval som skal arbeide med førebygging, tilrettelegging samt rehabilitering og attføring.
• Tilsette skal ha møtepunkt.
• Kvar arbeidsplass/stad skal ha tiltak som fokuserer på arbeidsmiljøet.
• Kartlegge uønskt deltid og sjå på andre måtar å organisere arbeidet på.

Resultat

Utvikla 22 styringsdokument i 2013. I 2014 ble sju dokument revidert og resterande er godkjent utan revisjon.
52 helsekontrollar og 11 vurderingar på arbeidsplassar i 2012 til 178 helsekontrollar og 18 vurderingar på arbeidsplassar i 2014. På planleggingsstaden med ei medarbeidarundersøking.
18 kurs/samlingar i 2013 og 18 kurs/samlingar i 2014.
Innføring i slutten av 2013. 23 møter i 2014.
Ingen måltal frå 2012 eller 2013, men 2014 viste 67 HMS møter, 383 personalmøter, 164 medarbeidarsamtalar.
Frå 24 arbeidsplassar pr. des. 2012 til 29 arbeidsplassar har dette pr. desember 2014.
Frå 58,1 prosent per desember 2012, til 61,3 prosent per desember 2014.

Forankring

Prosjektet er eit trepartssamarbeid, og det gjer at det skal være forankra i heile organisasjonen. Både styringsgruppe og prosjektgruppe består av medlemmer frå administrasjon, folkevalte og tillitsvalte.

Eit prosjekt gjev også meir «trykk» ute i einingane. Skulle vi få implementert eit system i heile organisasjonen, frå overordna nivå til avdelings- og individ nivå, trengte vi midlar og ein prosjektleiar med fokus på dette arbeidet.