kommunevåpen for Etne

Etne

Behov

Behov for ein kompetanse- og rekrutteringsplan for heile kommunen. Utfordring med å få rekruttert rett kompetanse og trong for meir ressursar til å analysere og setje i verk meir målretta tiltak knytt til kompetanse og rekruttering.

Rekruttering og kompetanseutvikling skal i større del bli ei sentral del av kommunen sine styringsdokument.

Mål

Å få oversikt over den kompetansen vi hadde i organisasjonen, potensialet for auka intern kompetanse og behov for å rekruttere framtidig kompetanse.

Å få utarbeidd felles kompetanse- og rekrutteringsplan for heile kommunen

Tiltak

Tatt i bruk elektronisk datasystem og kartlagt kompetansen som er i organisasjonen. Spørjeundersøking til alle tilsette for å få deira innspel til kva verkemiddel som vil vera avgjerande for at dei står i arbeid ut over mulig pensjonsalder (seniorpolitikk) og kva dei treng for å auke kompetansen sin (utdanningsstønad).

Arbeidsgrupper har jobba med retningslinjer for seniorpolitikk og utdanningsstønad/stipend. Arbeidet med kompetanse- og rekrutteringsplan er starta opp – tilsatt prosjektarbeidar i 20 prosents stilling med hovudfokus på planen.
Innført LEAN i organsisasjonen

Resultat

Tilsette nyttar elektronisk system for kartlegging og oppdatering av kompetanse.
Utarbeidd nye retningslinjer for seniorpolitikk og utdanningsstønad/stipend i tråd med resultatet av spørjeundersøkinga.
Starta revisjon av Lønnspolitisk plan med fokus på kompetanseauke.
Starta utarbeiding av tilsetjingsreglement og revisjon av tilsetjingsrutina (resultat av LEAN-prosess.)

Forankring

Det har vore representantar for folkevalde og arbeidstakarorganisasjonar i styringsgruppa og prosjektgruppa.
Formannskapet er blitt orientert om prosjektet.
Prosjektleiar har vore og informert i dei fleste einingane.
Arbeidsgruppene har i bestått av arbeidstakarar og LEAN-veilederar.

Reportasje frå prosjektet

RELEVANTE VEDLEGG