kommunevåpen for Bømlo

Bømlo

Behov

Auke kompetanse, dele med andre i nettverk, inspirasjon for utvikling.

Bømlo kommune starta opp arbeidet med nærvær i 2010 og såg at vi kunne vidareutvikle og profittere på deltaking i utviklingsprogrammet.

Mål

Implementere innsatspunkta som vi hadde bestemt.

Tiltak

Vore trufaste og halde fast på dei innsatspunkta som vi hadde bestemt oss for å gjennomføra.
• Medråderettsmøte kvar månad på alle arbeidsplassar
• Årlege medarbeidarsamtalar for alle tilsette
• Årlege arbeidsmiljøundersøkingar på alle arbeidsplassar
• Revitalisere arbeidet i arbeidsmiljøutvalet
• Heilskapleg avvikssystem (kvalitetslosen)
• Plan for nytilsette og bruk av prøvetid
• Samla HMT-plan for heile kommunen
• Oppfølging/tilrettelegging
• Alternativ bruk av tildelete ressursar (heiltid/deltids program)
• Årlege trivselsdagar
• Årleg trivselspris
• Forskingsbasert utvikling: kommunen skal knyte til seg forskingsmiljø som kan
– Forske på vår systematiske måte å jobbe på
– Skyggeforskning og hjelp til å utvikle system
• Livsfaseorientert personalpolitikk, inklusive Folkehelseperspektivet

Resultat

Vi kan dokumentere lågare sjukefråvær.

Årlege arbeidsmiljøundersøkingar fortel at arbeidsmiljøet har betra seg kvart år i perioden.

Forankring

Forankring har skjedd ved hyppige partsamansette møter, gjennom systemiske verksemdsbesøk og gjennom linja. Politikarane blir informert om utviklinga i kvart politiske møte.

Reportasje fra prosjektet