kommunevåpen for Austrheim

Austrheim

Behov

Omdømeprosjektet til Austrheim kommune er knytt til samfunnsutviklingsprogrammet Austrheim heile livet, som har som mål å gjere Austrheim til ein meir attraktiv stad å bu, etablere bedrifter og besøkje.

Omdømeprosjektet er knytt til Austrheim som stad og den kommunale verksemda. Det er delt i to delprosjekt. I «Informasjon og dialog» har me hatt fokus på kommunikasjon for å marknadsføre staden og kommunen Austrheim, både til innbyggarar, potensielle innbyggarar og for å trekkje til oss turistar. I «Kommunen som arbeidsgjevar» har me hatt fokus på kompetanse og rekruttering, fordi ein vil få et stort behov for faglærte og folk med høgare utdanning i åra som kjem.

Mål

• Skape eit omdøme der Austrheim vert identifisert som ein pulserande hav- og kystkommune.
• Skape tettare dialog med og engasjement blant innbyggarane, og få 750 som liker Austrheim kommune på Facebook.
• Oppnå gode resultat i innbyggjar- og brukarundersøkingar.
• Austrheim kommune skal oppfattast som ein vital organisasjon som leverer gode tenester og driv med spennande utviklingsprosjekt.
• Styrke den interne kulturen og kommunen sin attraktivitet som arbeidsgiver.
• Utdanne tilsette til fagarbeidarar innan pleie og omsorg og barnehage og skule, og vidareutdanne lærarar, sjukepleiarar og andre innan prioriterte fagområde.
• Austrheim skal verte leiande lærlingeverksemd mellom kommunane i Nordhordland.
• Få fleire ungdommar til å velje utdanning til fagarbeidarar og høgare utdanning til yrker som kommunen har behov for.
• Behalde arbeidstakarar med etterspurt kompetanse.

Tiltak

• Gjennomføre innbyggjarundersøking (Borgerundersøkelsen til Sentio).
• Utarbeide kommunikasjonsstrategi
• Gjennomføre meir uformelle questback-undersøkingar som ein arena for kommunikasjon med innbyggarane.
• Kartlegge kompetansen til dei tilsette.
• Utarbeide strategisk kompetanseplan.

Resultat

Gjennomført innbyggjarundersøking med svært gode resultat. Austrheim fekk samla borgerskåre på 81 (opp frå 80 sist gong).
Gjennomført ei undersøking om «Det gode liv i Austrheim» og ei undersøking spissa mot næringslivet. Fleire undersøkingar er planlagde.
Laga nye heimesider og intranett.
Laga ein film om Austrheim som stad og ein som presenterer Austrheim kommune som arbeidsgjevar. Sistnemnde film er også delt opp i fire mindre filmsnuttar som viser ulike yrke.
Brukarundersøkingar i pleie og omsorg (ei for heimetenesta og ei for sjukeheimen). Borgerundersøkelsen til Sentio inneheld resultat på tenesteområda, men er teke opp gjennom eit utval av innbyggjarane og ikkje brukarane av dei ulike tenesteområda.
Strategisk kompetanseplan vart vedteke i kommunestyret våren 2015.